Logo
Til DNT.no forside

Sogndal Gålag

Bli med Sogndal gålag på tur!

Publisert: 06. oktober 2023
Artikkel

Sogndal gålag er ei undergruppe i Sogndal Turlag. Målgruppa er seniorar.
Turane går kvar tysdag frå april til midt oktober, med start frå avreiseplassane kl. 09.30/kl 10.00.

Du må kunne gå i terreng i to til fem- seks timar.

Turane er merka med lett (L), middels (M) og krevjande (K) med seniorar som referansegruppe. 

Turprogrammet for 2024 er klart, og ei oversikt finn du nederst på denne heimesida. Kvar torsdag i veka før turstart vert det lagt ut ei meir detaljert orientering om turen. Då vert det også opna for påmelding med frist på søndag. Det vert sendt eigen e-post til medlemmane med påminning om turane. 

Me føreset at du vurderer eigne fysiske føresetnader for å gjennomføra aktuell tur ut frå vanskegrad og turbeskrivelse.

Ta med på turen

  • Gode kle og sko
  • Regnkle om vêret tilseier det
  • Litt ekstra varmt tøy
  • Niste og drikke. Matpause vert alltid lagt inn
  • Stavar for dei som ynskjer det
  • Alle turar har turleiar. På mange turar vil vi ha med kjentmann/ kvinne.

Medlemskontingent kr. 200 for dei som ikkje er med i DNT. Ynskjer du å bli medlem, send ein e-post til Arnstein Hauståker: arnhaus@online.no.

Styremedlemmer/kontaktpersonar:
Arnstein Hauståker, leiar, tlf. 952 57 685
Kari Kitty Stadheim, tlf. 951 91 830
Marit Sandvik, tlf. 482 65 759
Arne Lerum, tlf. 991 53 715
Rasmus Stokke, tlf. 951 54 332
 
Vara
Astrid Hammer Bolstad, tlf. 907 64 484
Lars Nornes, tlf. 481 23 233 

Vel møtt til ein triveleg tursesong!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem