17 nye personar med introduksjonskurs, kajakk

Kurs i Luster
Kurs i Luster Foto: Toril Marie Mulen

Totalt har 17 personar fått delta på introduksjonskurs, også kalt "våtkort"!

Vår super-instruktør Toril Marie Mulen (Mulen Kajakk) har losja deltakarane gjennom kurset, og alle har bestått med glans! Kurset er eit 3-timars kurs der ein lærar å komme seg ut av kajakken dersom ein velter, og korleis ein kjem seg opp att. Dei fleste stader for utleige/utlån av kajakk krevjer at du har introduksjonskurs. 

Det har vore tre kurs i juni (3, 6 og 10.06) to i Sogndal og eit i Luster!

Vel gjennomført til alle deltakarar, no er det berre å nyte livet på fjorden!

Kurs i Sogndal
Kurs i Sogndal Foto: Toril Marie Mulen
Kameratrening i flotte omgjevnadar
Kameratrening i flotte omgjevnadar Foto: Toril Marie Mulen

Skrevet av Marie Sørum 11. juni 2021