Tylderingen over

Foto: Tom Dybwad

Seks personar hadde ein flott tur til Tylderingen via Djupadal

Vi var 6 personar og ein hund som la i veg på ski frå Fretland til Tylderingen laurdag 4. mars. Sol frå blå himmel og silkeføre. Turen gjekk forbi stølen Djupadal og vidare på fjellryggen aust for Tylderingen. Vi rasta i le for litt vind i nordenden av Svartavatnet (897) før vi la i veg opp ryggen frå nord opp til Tylderingen. Ved varden var det sur austavind, då det blei berre å ta av skifellene før vi kunne nyte det fine skiføret ned att til Fretland, med mange svingar og nokre fall i mjuk snø. Ein kjempefin tur!