Frå Kjørnes til Solvorn via Hesteggi og Solvornnipa

Foto: Erling Aune

Flott tur og god deltaking på årets siste fottur i turlaget

Vi var 18 personar som valde å gå tur denne oktoberdagen. Mange av oss hadde gått til Hesteggi og Solvornnipa og ofte tenkt vi skulle gått lengre. Desse nærturane der vi startar ein stad og kjem ned ein annan, er populære turar. Det var langt å gå; heile 23 km og rundt 1000 høgdemeter. Vi høyrde både kurring av rype og hjortebrøl, og fekk ei kjensle av villmark. Leif Longvanes leia turen med stødig kurs. Takk for godt selskap!

Skrevet av Wenche Fjørtoft 15. oktober 2019