Tur til Kvitingsmorki

Fellestur

Dato
20. september 2020 kl. 08:50
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Sogndal Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen til Kvitingsmorki naturreservat og stølen Morki er ein kombinert natur- og kulturtur. Kvitingsmorki vart verna som naturreservat i 1999 på grunn av naturverdiane i gamal skog, først og fremst furu. Men her er også mange verdfulle kulturminne frå gamle dagar då det var hogst og stølsdrift her. På turen har vi fått med oss Siri Benjaminsen som er grunneigar, og ho vil fortelje om kulturhistoria undervegs. 

Turen går på bratt men god sti opp frå ein P-plass ved Årdalsfjorden opp til stølen Morki på ca. 820 moh. Etter ein runde til nokre av dei gamle furutrea går turen på den same stien nedatt til fjorden. Turen er litt over middels tung og vil venteleg ta sju timar. 

Vi køyrer i privatbilar frå P-plassen på Almenningen i Sogndal kl. 08.50, og tek ferja frå Mannheller kl.9.20 til Fodnes. Turleiar er Tom Dybwad (tlf. 97 52 34 11), og kjentkvinne er Siri Benjaminsen. 

Slik coronasituasjonen er når dette vert skrive, er det etter smittevernreglane til DNT påmelding til turen. Dette kan skje med sms til turleiar seinast laurdag 19. september. Det vil også bli sett maks.grense for tal deltakarar. Ting kan endre seg, så følg med på fjesboksida til Sogndal Turlag. Vi oppmodar alle om å ha med munnbind i tilfelle det er naudsynt, og at dei som kjenner kvarandre køyrer saman i bil, slik at vi unngår å blande folk unødig.

Kontaktinformasjon:

  • Tom Dybwad
  • Tlf. 97 52 34 11