Fellestur - Oldedalen-Stardalen

Fellestur

Dato
15. august 2020 kl. 08:00
Passer for
Alle
Arrangør
Sogndal Turlag
Dette arrangementet er over!

Sogndal Turlag arrangerer på laurdag den populære turen frå Oldedalen til Høyset i Stardalen
i Jølster. Grunnen til at denne turen er så populær er mellom anna den flotte restaurerte stien
opp frå Oldedalen, den særmerkte fjellformasjonen "Gløvre" og utsikta mot Briksdalsbreen og
Oldedalen. I tillegg så går ein frå bygd til bygd i flott landskap, frå bratte Nordfjord-fjell, til
mildare Sunnfjord-fjell. Turen er til saman kring 1000 høgdemeter og kring 10 km lang, og
me reknar med å bruke om lag 6 timar. Sjølv om det er ein stykke å køyre, så trur me i
turlaget at mange ynskjer å få med seg denne turen, så det er påmelding og avgrensa tal
plassar. For å gjera det billigast så køyrer me i privatbilar og parkerer der turen ender i
Stardalen. Derifrå går det buss til turstart i Oldedalen. Grunna koronasituasjonen, så har me
leigd inn ein stor buss slik at det skal vera god plass. I tillegg vil me vurdera å dela ut
ansiktsmaske for bruk på bussturen.

Oldeskaret
Oldedalen-Stardalen

Oldeskaret er ei gammal ferdselsrute mellom Oldedalen og Stardalen. Turen startar på
Melkevoll Bretun (140 moh) med ei ganske bratt oppstigning i nokre hundre høgdemeter.
Stien har frå gammalt av vore mura opp her og der, og dette vart utbetra i 2016 av sherpaer på
oppdrag av Jostedalsbreen nasjonalparkstyre. I kring 600 moh, kjem me til Gløvre som er ein
særmerkt fjellformasjon. Her er også flott utsikt over Oldedalen og heile Briksdalsbreen, og
me tek ein liten avstikkar til staden der Volefossen kaster seg utover!
Me nærmar oss etter kvart skaret, og kryssar over på bru før me kjem til den steinhytta Jarbu.
Truleg tek me lunsjpause her, nedunder Blåfjellet. Då er det berre litt stigning att før ein kjem
til høgste punktet på ruta, på ca 1100 moh. Her er det oppmura ein stor og fin varde som
markerer ein gammal stemneplass. Vidare langs Storevatnet og ned til Spelemannsmyra med
si historie. Nedstigninga er slakare enn turen opp, og me kjem ned til Haugastøylen og ser
kvar stien går opp mot Haugabreen. Frå parkeringa like nedunder støylen går me på grusveg
ca. 2 km ned til Høyset i Stardalen der bilane våre står parkert.
Turleiar på turen er Sverre Sæten (nordfjording busett i Stardalen) og Anne Rudsengen
(naturoppsyn for Jostedalsbreen nasjonalpark). Påmelding til sistnemnde innan torsdag
13.august kl. 20:00. Tlf: 95 96 38 88.

Indre Nordfjord Turlag har arrangert turen fleire gongar, og dei bruker kring 6 timar på sjølve
gåturen. Turen er ca. 1000 meter stigning og 10 km.
Me møtast på Allmenningen i Sogndal (utafor Lægreid hotell) og reiser derifrå kl. 08:00 i
privatbilar til Høyset i Stardalen der vi parkerer bilane. Her, langs hovudvegen i Stardalen,
blir vi henta av buss kl. 09:00. Det tek ca. 1,5 time i buss frå Stardalen til turstart i Oldedalen.
Me har leigd inn ein stor buss, men vil ikkje fylle den heilt opp pga. koronasitusjonen.
Kanskje tek me med munnbind for bruk i bussen. Det er avgrensa tal plassar på turen. Prisen
på turen er bussen: 250,- for medlemmer i DNT og 350,- for ikkje-medlemmer. Betaling med
kontantar eller VIPPS.

 

Kontaktinformasjon:

  • Anne Rudsengen
  • Tlf. 95 96 38 88

Turleder:

  • Anne Rudsengen