Opning av kajakktilbod i Sogndal

Arrangement

Dato
24. august kl. 19:15
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Turtyper
Arrangement, , Aktivitet Kajakk
Arrangør
Sogndal Turlag
Dette arrangementet er over!

Stad: Helgheimvegen (Naust ved Fjordstien) 

Tidspunkt: Fredag 24. august kl 19.15. 

Sogndal Turlag sitt nye tilbod om utleige av kajakkar vert offisielt opna i samband med opninga av Fjordstien. Dette er eit tilbod i samarbeid med Sogndal Folkehøgskule: Kakjakkane vert å finne i deira Naust ved Helgheim. Nærare informasjon om tilbodet føl etterkvart på våre heimesider og Facebook. Under opninga vert det høve til å prøve kajakkane for dei som ynskjer. Ordføraren kjem - kom du også!