Leige kajakk

Foto: Anne Skaar

Velkommen til å leiga kajakk frå Sogndal Turlag!​​​​​​​

Sogndal Turlag har for tida fire enkle kajakkar og ein dobbelkajakk til billeg leige for medlemmar i turlaget og andre DNT-medlemmar. Kajakktilbodet er eit samarbeid med Sogndal Folkehøgskule som eig naustet. Kajakknaustet ligg langs Fjordstien, nedunder folkehøgskulen, i nærleiken av Loftesnesbrui.

Vilkår for utleige:

  • Ein må vera over 16 år viss ein vil leiga kajakk aleine
  • Ha våttkort eller tilsvarande kunnskap om trygg padling og redning
  • Kvart DNT-medlem kan ta med seg opp til to venner som ikkje er medlem.
    • Medlem: Heildagsleige: 100,-  Halvdagsleige (opp til 4 timar): 50,-
    • Ikkje-medlem (i lag med medlemmar): Heildagsleige: 200,- Halvdagsleige (opp til 4 timar): 100,-

Tryggleik:

Sogndal Turlag sine kajakkar er alle stødige havkajakkar, men det betyr ikkje at dei er veltesikre. Difor må alle som leigar kajakk har våttkort eller ha tilsvarande kunnskap. Det vil seia at du skal klare å koma deg både ut av kajakken og opp i kajakken att viss du velter. Til kvar kajakk høyrer det tryggleiksutstyr som pumpe og årepute. Ha dette festa på kajakken når du padlar. Sognefjorden er som regel kald, også sommarstid, så me tilrår at du anten padlar langs land eller nytter våtdrakt eller tørrdrakt når du padlar. Viss du er urøynd må du ikkje padla aleine. Spruttrekka er litt stramme, så fest dei delvis viss du er urøynd med å ta deg ut i frå ein velta kajakk. Ver òg merksam på at det fort kan blåse opp og bli store bølgjer også i Sogndalsfjorden. Det kan ofte vere straum under Loftesnesbrui.

 All bruk av kajakkane er på eige ansvar!

Utfyllande informasjon og vilkår:

Utleige av kajakk skjer gjennom dette reservasjonssystemet:

https://www.supersaas.com/schedule/kajakkutleige/SogndalTurlag

Her må du fylle inn medlemsnummeret ditt i DNT og skrive namnet ditt for å få leigd kajakk. Du vil då få tilsendt ein kode til låsen på kajakknaustet. Det er berre mogleg å leiga kajakk for maksimum opp til eitt døgn av gangen. Viss du veit at du berre skal på ein liten tur, så er det fint om du berre reserverer i dette tidspunktet slik at andre kan leiga kajakken før eller seinare på dagen.

Betaling av leiga via VIPPS 99206  eller til kontonr. 3720.30.03057

I kajakknaustet må du signere for å vise at du har forstått vilkåra og at du padlar på eige ansvar. Skjemaet skal leggast i ei kasse.

Kajakkane skal berre nyttast med utgangspunkt i kajakknaustet. Viss det er ynskje om å nytta kajakkane med eit anna utgangspunkt, så må dette avklarast med kajakk-kontaktpersonen frå Sogndal Turlag.

Kajakkane og padle- og tryggleiksutstyret:

Kajakkutleiga i Sogndal Turlag bygger på tillit, og me ber om at kajakkane og alt anna padle- og tryggleiksutstyr vert handsame med varsemd. Alt arbeidet med vedlikehald av utstyret skjer på dugnad. Viss du ser at noko av ustyret manglar eller er øydelagt, ver venleg å sei i frå til oss. Sjå kontaktinfo under. Me ber spesielt om at du er varsam når du sjøsett kajakken og tek han på land att for å redusera slitasjen. Bruk det grå teppet viss du sett ut kajakken frå båtslippen.

Sogndal Turlag sine kajakkar er solide kajakkar frå Current Design. Dei enkle kajakkane er Sirocco (3 stk i vanleg storleik) og Squamish (1 stk i mindre/smalare storleik) Dei er utan ror, men med senkekjøl. Den doble kajakken er også Current Design; Double Vision med ror. Elles er det padleårar, redningsvester (normal storleik, ein ekstra stor, og ein i barnestorleik), samt spruttrekk (skjørt). For kvar kajakk er det også manuell vasspumpe og åreputar til å nytta i samband med redning. Me ber alle om å ta med dette tryggleiksutstyret når ein padlar.

Når du sett inn att kajakken må du tømme kajakken for vatn og tørker godt av han. Det ligg svampar i naustet. Heng ustyret opp att på eigna stad slik at det har ein sjanse til å tørka og er lett tilgjengeleg for neste padlar

God padletur!

Konktaktperson i Sogndal Turlag er: Marino J. Ask (900 89 570) og Toril Mulen (452 55 889). Kontaktperson på Sogndal Folkehøgskule er: Ole Karsten Birkeland (950 32 287)

E-postadressa til Sogndal Turlag er: sogndalturlag@gmail.com