Sogndal Turlag vart stifta 1. juni 1976. Første leiar i laget var Svein Hofsplass. Første kvinnelige leiar kom på plass i 2012. Sogndal Turlag er gjennom Sogn og Fjordane Turlag tilslutta Den Norske Turistforening (DNT). Dette medfører at eit medlem av DNT som er busett i Sogndal og Leikanger kommunar, automatisk er medlem av Sogndal Turlag og Sogn og Fjordane Turlag, med mindre ein gjev melding om noko anna. Dersom ein er medlem av DNT, treng ein såles ikkje å betale medlemskap i Sogndal Turlag. Som medlem i Sogndal Turlag får du rabattar på friluftsvarer til ordinær pris hjå sportsbutikken Intersport på Amfi Sogningen storsenter. Sogndal Turlag er registrert i Frivillegregisteret, vi kan få vår del av ”Grasrotdelen”, tenk på dette når du spelar hjå Norsk Tipping. Du finn meire informasjon om dette her. Leiar er Anne Skaar.

                                       Velkomen til turane våre, og hugs at det er viktig å ta vare på naturen!

Foto: Liv Norunn Hamre