Sprek gjeng på Sogndalseggi 

Foto: Tom Dybwad

Flott til fjells på årerts siste offesielle sommarhelg.

På turen til Sogndalseggi 1364 var vi 16 turglade personar som la i veg frå Anestølen innover Langedalen. Då vi kom til murane etter dei gamle sela på Selsengtufthaug, fekk vi litt historie med oss. Stølsdrifta her tok slutt tidleg på 1900-talet.

Vi fekk med oss litt blåbær i den bratte lia opp til toppen, som gav veldig fin utsikt til Anestølen og dei flotte fjella kring Sogndalsdalen. På toppen hadde vi ein lengre lunsj i vindstille og sol.

Turen gjekk tilbake på den same stien, og på Anestølen helste geitene i hopetal oss velkomen, slik dei gjorde då Margrethe Munthe i si tid var på Anestølen og skreiv songen "Å jeg vet en seter".

Takk for turen, Anne Britt R Halset og Tom Dybwad

Turen starta nede ved Anestølen, målet i sikte!
Turen starta nede ved Anestølen, målet i sikte! Foto: Tom Dybwad
Alpint terreng i Sogndalsdalen, Sogndalseggi er ein fin raudmerka tur
Alpint terreng i Sogndalsdalen, Sogndalseggi er ein fin raudmerka tur Foto: Tom Dybwad
Ein flott dag til fjells
Ein flott dag til fjells Foto: Tom Dybwad
På toppen
På toppen Foto: Tom Dybwad
Ned att samme veg!
Ned att samme veg! Foto: Tom Dybwad
Nede ved Anestølen ble me møtt av dei lokale
Nede ved Anestølen ble me møtt av dei lokale Foto: Tom Dybwad

Skrevet av Marie Sørum 30. august 2021