Tur og kino!

Foto: Liv Norunn Hamre

Søndag 12. mars arrangerte Barnas turlag quiz-løype, pølsegrilling (sponsa av Gilde) og Turbobesøk i forkant av kinofilmen Karsten og Petra ut på tur!

Over 60 born og 50 vaksne var med på arrangement i sentrumeparken i Sogndal i ettermiddag! Fokus var fjellvitreglane, og vi hadde quiz-løype, pølsegrilling og Turbobesøk, før vi gjekk på kino og såg den nye filmen Karsten og Petra ut på tur. Alle borna fekk button, plakat og aktivitetshefte med fjellvit som tema. Hugs den aller viktigaste fjellvitregelen: Å ha det gøy!!

Skrevet av Liv Norunn Hamre 12. mars 2017