Nyvaldt leiar i turlaget

Full sal!
Full sal! Foto: Marie Sørum

Full sal og ny leiar på årsmøtet til Sogndal Turlag på på Quality Hotel 9.november!

Årsmøtet blei innleia med dikt av leiar for turlaget, Ove Ellingsen, før me fekk gjennomgang av årsmelding, rekneskapog informasjon frå gruppene. Ove delte også ut blomar til grunneigarane som har gjort det mogleg for turlaget å tilby hytteovernattingar og tak over hovudet til turfolket! Kollsetestølen og Kjørrdalselet, sistnemnte er nytt og vil bli arbeida med framover.

Gålaget, Friluftsliv tilrettelagt utviklingshemma, DNT ung, Barnas Turlag, Turpostgruppa og Merkenemnda fekk moglegheit å fortelje årsmøtet kva dei har gjort det siste året. Saken er klar, me har faktastike frivillige som arbeider for eit aktivt, inkluderande og allsidig miljø i Sogndalsområdet!(les meir om deira arbeid i årsmeldinga her)


Luster turlag var representert med leiar Ole Herman Meløy
Luster turlag var representert med leiar Ole Herman Meløy
Ove Ellingsen takkar av etter fire år som leiar i turlaget.
Ove Ellingsen takkar av etter fire år som leiar i turlaget.

Det var om lag 35 personar på årsmøtet, og full sal. Folk måtte bære inn stolar i salen! "Dette var ny rekord" meinte nyvalt leiar i turlaget, Leif Longvanes.

Ja, ny leiar! Ove Ellingsen ble takka av for god innsats, og Leif Longvanes er klar for å ta over stafettpinnen og leie laget framover. Han har vore med i turlaget lenge, og vært kasserar i om lag 10 år!

Resten av styremedlemmane er dei same, bortsett frå eit par nye varamedlem, Ingrid Buvarp og Bente Leirdal Steen.

Vidare kunne turlaget informere om godt samarbeid med Luster Turlag, og ynskje om å vidareføre dette. Det ble gjort vedtak om å sjå på samarbeidet, og moglege utfall av dette fram mot årsmøtet i Sogndal Turlag 2022.

Etter årsmøtet vart det potet og purreløksuppe før me måtte bytte sal grunna tekniske problem.

I den nye salen, i det nye bygget fekk me flotte bilder, inspirasjon og tips til å bli betre fotografar av May Britt Sva. Deretter vart det Torkjell Solbraa, Samfunnsutviklar i Sogndal Kommune, som kunne fortelje om deira planer for friluftsliv, sentrumsnære rekreasjonsområder og andre planer som omhandlar turlaget.

Alt i alt ein kjekk kveld! Klikk her for referatet!

Gro Hagen fortel om aktivitet i DNT ung
Gro Hagen fortel om aktivitet i DNT ung
Full sal!
Full sal!
Leif Longvanes, nyvald leiar i turlaget. Her informerer han om økonomien i laget gjennom 2020/2021
Leif Longvanes, nyvald leiar i turlaget. Her informerer han om økonomien i laget gjennom 2020/2021

Skrevet av Marie Sørum 12. november 2021