Verdsarvtur til Skomakernipa

Foto: Tom Dybwad

Verdsarvturen kvart år trekkjer mange ut på tur!

Vi var 26 personar som hadde ein spanande tur frå Skard i Fresvik gjennom Lægdaskardet til Skomakarnipa ca 900 moh. Det er ikkje høgda som er det imponerande med turen, men det flotte utsikta over Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, nett der dei to fjordane møtast. Herifra ser vi rett over til fjellet Beitelen som delar dei to fjordane.

Finn Loftesnes og Tom Dybwad var turleiarar og delte kunnskap om geologi, historisk støls og gardsdrift, det vide utsynet og ikkje minst mange gode  skrøner.

Skrevet av Wenche Fjørtoft 28. august 2019