Tjugatoten

Foto: Anne Skaar
Fin tur til Tjugatoten
16. juni var me 7 glade vandrarar som kom oss fint opp og ned dei 1100 høgdemeterane frå fjord til fjells på Tjugatoten. Sommarregnet kom og gjekk, men vi fekk matpause i opphald med god utsikt. Undervegs fekk vi også oppdateringar på Balestrandsbotanikken ved Knut Rydgren. Takk for fin tur alle!