Åberge til Fretland via Tylderingen

Foto: Leif Longvanes
Foto: Leif Longvanes

Flott tur på «feil» side av Sogndalsdalen

Med unntak av dei klassiske turane til Tylderingen og Torstadnakken er ikkje området på nord-aust sida av Sogndalsdalen så mykje nytta til skiturar, men Sogndal turlag gjennomførte fjellskitur med seks deltakarar frå Åberge til Fretland søndag 10. mars. Turen gjekk i strålande og kaldt ver og med flott føre på størstedelen av turen. Området er godt eigna til fjellskiturar og for dei som ønskjer å gå korte eller lengre turar i «nytt» terreng så er dette eit godt tips.