Grånosi

Høg skredfare gjorde at turen vart endra til Grånosi

Skredfarenivå 3 gjorde at skituren med Sogndal Turlag ikkje kunne gå som planlagt til Buskrednosi, men måtte få eit sikrare turmål. Difor gjekk skituren til Grånosi (1354) i staden. Men starttidspunktet 10. februar kl. 8.00 var nok for tidleg for dei fleste, så det blei berre turleiarane Marino og Tom som møtte opp og var med på turen. Til gjengjeld var det strålande vêr, flotte forhold og nydeleg skiføre for telemarksvingar. Turen gjekk via Engjadalen via stølen Flatningane og vidare på ein fjellrygg opp til toppen av Grånosi, og same rute nedatt.