Årsmøte i Sogndal turlag

Foto: Marino Ask

Fjellførar Sigurd Felde frå Norgesguidene fortalde om turen Josten rundt på årsmøtet i Sogndal turlag.

Mange møtte opp på årsmøtet i Sogndal turlag 21. november på Sogndal folkehøgskule. Fjellførar Sigurd Felde viste bilete frå turen Josten rundt som han og eit turfølgje gjennomførte i 2016 og 2017. Dei tok først vestsida av breen med start i Sogndalsdalen og avslutta i år med å ta austsida av breen med retur i Fjærland. Sigurd viste spektakuleære bilete frå opp- og nedturar frå toppar rundt breen.  Inspirsasjonen til turopplegget er den kjende Haute Route i Alpane. 

Leiar i Sogndal turlag Anne Skaar gjekk gjennom årsmeldinga for 2017. Kasserar Leif Longvanes gjekk gjennom rekneskapen for 2017. Turlaget har god økonomi og hadde eit overskot på 95 000 kroner. 

Skrevet av Wenche Fjørtoft 26. november 2017