Toppturhelg i snøsikre Vigdalen på Fivlehytta

Fellestur

Fra dato
16. februar kl. 16:00
Til dato
18. februar
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangører
Sogndal Turlag, Luster Turlag
Dette arrangementet er over!

Vinterferien kan du starte på Fivlehytta, oppvarma og klar til bruk når du kjem oppom fredag ettermiddag. Her vil du møte hyttevakt som tryggar fint opphald. Fjella mellom Jostedalen og Lustrafjorden er kjende for nokre av dei finaste toppturmåla i Indre Sogn. Når i tillegg snøen ofte er "perfekt" i Vigdalen er det bere å glede seg.

Laurdag og sundag vert det arrangert topptur til Fivlenosi, Jagershaug eller Kattøyra lenger aust. Andre turmål er og aktuelle. Turen frå Vigdalen til Fivlehytta tek venteleg 1-2 timar og er i seg sjølv ein fin tur. Mat og det du treng til opphald må du bere med deg til hytta. 

Alminneleg utstyr for tur i vinterfjellet må til. Fjellski eller telemark/ randoneeski høver. Hugs nok varme klede, termos, energimat og anna du treng til tur og opphald.

 

Pris overnatting 200,- medlem, 100,- ungedom og 50,- for born under 12 år.

 

Påmelding for overnatting til hyttevakt. Turane er opne utan påmelding. 

Hyttevakt Nils Oma 952 26727 (og Ingeborg Flaten 917 73791)?

Turleiarar  DNT ung, Kjersti Ullebust tlf 915 40911 og Marino J. Ask 900 89570

Kontaktinformasjon:

  • Marino Ask
  • Tlf. 90089570