Tylderingen

Fellestur

Dato
14. januar kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Sogndal Turlag
Dette arrangementet er over!

Årets første tur er skitur til Tylderingen som er eit populært turmål både sommar og vinter.  Frå Fretland, som ligg på austsida i Sogndalsdalen, er det eit ope og fint terreng å gå i dei 600 høgdemetrene til toppen. I starten går ein på innmark eller langs traktorveg før ein kjem opp i ope fjellterreng. Kor bratt ein gjer oppstigninga er litt opp til ein sjølv – kor mange svingar ein tek. Me går i roleg tempo oppover og nyt utsikta over dalen. Det er tidleg på vinteren, så det er gjerne kaldt og litt vindutsett når ein nærmer seg toppen. Husk mat og drikke og nok klede. Dei fleste som går turen bruker nok randonneski, men telemarkski og fjellski går òg bra. Hugs lange feller.

Oppmøte på Almenningen ved Lægreid hotell kl 10:00. Samkøyring til Fretland der vi startar. Ta med skifeller. 

Turleiarar: Marino Ask (900 89 570) og Wenche Fjørtoft (415 59 822)

 

 

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Marino Jan Ask