Tur til Bøttejuv

Fellestur

Dato
4. oktober kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangører
Sogndal Turlag, Luster Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Sogndal Turlag har tur til Bøttejuv i Årdal!

Utsikt i toppklasse over Årdalsvatnet, Øvre Årdal, Falketind, Stølsnostind, Hjelledalstind og Hurrungane, er løna når ein står på kanten av det stupbratte Bøttejuv.

Turen er ganske lett, sjølv om det er om lag 700 høgdemeter. Han byrjar i Strupene i Seimsdalen, der me fyrst går oppover gamal stølsveg mot Sjursete, men tek av til høgre i god sti mot den gamle stølen Skor (840 moh). Stien held fram over tregrensa og opp mot toppunktet Skorsfjellet (1322 moh), før me går nokre minutt ned mot sjølve Bøttejuv. Der tek me oss god tid til å nyta den framifrå utsikta.

Oppmøte på Allmenningen (Sogndal) kl 09.30. Ove Ellingsen er turleiar og Gunnar O. Hæreid kjentmann.

Grunna koronasituasjonen er det påmelding til turen.
Påmelding til Ove Ellingsen innan fredag 2. oktober på telefon 91 35 49 23.

 

Tur til Bøttejuv

Sogndal Turlag har tur til Bøttejuv i Årdal! Utsikt i toppklasse over Årdalsvatnet, Øvre Årdal, Falketind, Stølsnostind, Hjelledalstind og Hurrungane, er løna når ein står på kanten av det stupbratte ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Ove Ellingsen