Introkurs Kajakk for ungdom

Kurs

Dato
7. juni kl. 16:00 - 20:00
Alternative datoer
Vis 2 andre datoer
4. juni 2020
6. juni 2020
7. juni 2020
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Kurs, , Aktivitet Kajakk
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, Sogndal Turlag

Klar for å starte sommarsesongen med kajakkpadling? Sogndal Turlag arrangerer Introkurs Hav i Sogndal  Kurset varer i om lag 3 timar, og vil gå føre seg både på land og på fjorden i nærleiken av Sogndal Turlag sitt naust. 

Du kan velge mellom 3 ulike dagar, Torsdag 04, Laurdag 06 eller Sundag 07. Juni.

Deltakarane introduserast til kajakken og utstyret. I løpet av kurset har deltakaren gjennom enkel praktisk øving lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. Kurset skal motivere for vidare opplæring i padling.

For meir informasjon om kurset, sjå her: http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/introkurs-hav/

Oppmøte: Møt ved naustet til Sogndal Turlag som ligg langs Fjordstien vis a vis Folkehøgskulen.

Tordag 04.06. Kl 17.00-21.00
Laurdag 06.06. Kl. 11.00- 15.00
Sundag 07.06. Kl. 16.00-20.00

Kursleiar: Toril Mulen, mob. 45255889.

Utsyr: Ta med skifteklede (helst ull), mat (sjokolade/ nøtter som gir rask energi) og drikke. Hugs å pakke vasstett. Sogndal Turlag stiller med kajakkar og tilhøyrande utstyr, samt våtdrakter for dei som treng. Hugs difor å gi beskjed om størrelse om du treng å låne våtdrakt.

Pris: Kurset kostar kr.600 per pers for medlemar.
Ikkje medlem? Det kostar kr 215 ,- for skuleungdom (13-18 år) og kr 350,- for ungdomsmedlem (19-26år). Du kan melde deg inn her: https://www.dnt.no/innmelding/registrering/?

Våttkort: Introkurs Hav kvalifiserer til våttkort. Våttkortet er ikkje inkludert i prisen, og om du ynskjer våttkort kostar dette kr.100. Dei fleste utleigeaktørar krev våttkort for å låne kajakkar på eige hand. For leige av Sogndal Turlag sitt kajakkutstyr er det naudsynt med våttkort eller tilsvarande kunnskap om trygg padling og redning.

Kontaktinformasjon: