Søndag 13. oktober arrangerer Sogndal turlag tur frå Kjørnes via Hesteggi, Solvornnipa/Vardafjell til Solvorn. Oppmøte er på Allmenningen i Sogndla kl 09.00 og det vert fellesskyss til Kjørnes, der vi startar å gå like ved toppen av Kjørnesfeltet. Turen til Hesteggi (907 moh) føl den merka ruta via Jeiskedalen.
Frå Hesteggi går vi eit kupert terreng utan merka sti mot Solvornnipa/Vardafjell. Litt etter korleis tilhøva er så kan det vere aktuelt å gå via Leinefjelle (970 moh) før vi tek inn på ryggen som ender i Solvornnipa/Vardafjell mot nord. Frå Solvornnipa/Vardafjell går vi på den merka stien ned til Solvorn. Det kan bli aktuelt å gjere avtale om matservering i Solvorn før retur til Sogndal. Det vert fellesskyss tilbake til Sogndal.
Turen er lang og vil ta om lag 8 timar. Det er og ein del høgdemeter å gå, så turen er noko krevjande.
Påmelding til turleiar Leif Longvanes på telefon 90 64 64 24 eller e-post lei-long@online.no innan fredag 11. oktober.