Strendene på Sørsida av Sognefjorden

Fellestur

Dato
28. april kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Arrangør
Sogndal Turlag

Bli med Sogndal Turlag på tur til dei veglause gardane på sørsida av Sognefjorden i Vik på søndag etter påske! Dette er gardane og grendene Vollaviki, Kyrkjeteigen, Sylvarnes, Hanekam, Stavedalen og Vetlesand, og truleg ein tur opp om Alrek. Me vil gå på stiar mellom desse stadane og me reknar med å møte folk på fleire av gardane langs ruta. Vidar Lægreid er lokalkjent på turen og kan fortelja mykje om stadane og han har hatt denne populære turen mange gongar før. Turen vil gå i eit roleg tempo med mange stopp, og me vil ikkje vere tilbake i Sogndal før ved åtte-tida om kvelden. Det er stort sett god sti, men litt ulent nokre stader og strekninga er på kring 10 km. Me samkøyrer til Vik der me blir henta med hurtigbåten og køyrd til Vollevik. Herifrå går me utover langs fjorden og me tek rutebåt tilbake frå Vetlesanden. Vidar Lægreid orienterer ved Sylvarnes på same turen som Sogndal Turlag hadde i fjor. 

Vi køyrer frå Almenningen ved Lægreid hotell i Sogndal kl. 08:30, og kl 09:35 frå Hella. Samkøyring til Vik. Pris pga chartra båt: 400,- for DNT-medl, 500,- ikkje medl. De kan betale med Vipps. Påmelding innan torsd 25. april til Vidar Lægreid, 48153202 eller Anne Rudsengen, 95963888.