Store Haugmelen

Fellestur

Dato
3. mars kl. 09:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Sogndal Turlag
Dette arrangementet er over!

Avreise frå Almenningen v. Lægreid Hotel laurdag 03. Mars kl. 09.30 og frå Kaupangsenteret kl. 09.45. Turleiar Jorunn Aa Albretsen (99 45 74 32) og Gro Skjelle Fimreite..

Bomvegen frå Dalaker er open, så me køyrer til Goro (ca 500 moh).Den fyrste halvtimen er det småkuppert inn til Budeiesvådn. Herifrå vert det litt brattare opp gjennom skogen, og me kjem til å gå i roleg tempo oppover. Dersom været er bra går me om Vatnasete og føl ryggen i jamn stigning opp til Store Haugmelen (dette i staden for den meir tradisjonelle vegen som går om Vassløysa). På toppen er det ein storslagen utsikt, og dersom sikta er god,  ser me heilt til Hurrungane. Ned att går me under Vetle Haugmelen og bort til Breisete. Nedkøyringa er ganske enkel, då ein kan regulere farten som ein vil med store svingar. Frå Breisete følger me skogsbilvegen attende til Goro. 

Turen tek om lag 5 timar, og det er best å bruke fjellski og feller

Kontaktinformasjon:

  • Jorunn Aa Albrigtsen
  • Tlf. 99457432